
Mønsteret er inspirert av vestlandske mønstertradisjonar, og er designa av Birger Berge for Bergen Strikkefestival. I Nordfjord hadde dei stolpetrøyene, som er tradisjonelle trøyer med vertikalt stripemønster. I Fana har ein den kjende fanatrøya med enkle horisontale striper. Også mønstra frå trikotasjefabrikken i Salhus hadde ofte enkle stripemønster i sine mønsterarkiv, og mønstertypen og fargevala her er inspirert av desse ulike tradisjonane.
